Verksemdstyring femnar om all aktivitet knytt til leiing, planlegging og styring av drift- og utviklingsoppgåver, og skal sikre:
etterleving av lover og forskrifter
iverksetting av politiske og administrative vedtak, prioriteringar og mål
best mogleg resultat og kvalitet i tenestene
lik og samordna styring mellom og innan tenesteområda
effektiv ressursutnytting
Årsrapport for heilskapleg styring er eit ledd i arbeidet med å sikre dette.
Denne rapporten har to formål:
Forarbeid til styringsdialog mellom einingsleiarnivå og kommunedirektørnivå 1. halvår. Rapportering skjer i forkant av dette dialogmøtet og gir eit godt utgangspunkt for styringsdialogen. Område for forbetring skal peikast ut i dette møtet og evaluerast i styringsdialog 2. halvår.
Innspel til årsmelding/årsrapport. Gjennom denne rapporteringa vil kommunedirektøren hente inn den nødvendig informasjonen som trengs frå einingane til årsmeldinga.
Sykkylven kommune har definert fire prinsipp for styring. Dette er:
Mål og resultatstyring
Risikobasert styring
Internkontroll
Forbetring og innovasjon
Årsrapporteringa er bygd opp kring desse fire områda.